Ei arabisk Nora held tale for sin muslimske mann. – No kastar eg deg ut av livet mitt

Ho snur seg mot han, ser bort på mannen som sit på stolen og les avisa:

– Eg kjem til deg no som ei ny kvinne du ikkje kjen­ner før.

Så om du spør meg kvifor eg valde nett denne kvelden, så svarar eg deg at eg skal gjera sølvbryllaupet til eit heilt spesielt minne og til ein minneverdig augneblink i histo­ria vår.

Eg veit at du har gløymt røysta mi, og at du ikkje kjem til å vita at det er eg som talar til deg. Du tvinga meg til tagnad. Eg har gløymt den vel­signa evna til å tala, og hadde vorte god i kunsten å vera stille – ein kunst eg var avhengig av i mange år, då eg tolererte at du var så streng og så oppfinnsam til å påføra meg lidingar, og til å såra kjenslene mine.

Hugsar du den fyrste leksjonen din til meg?

«Kjære deg, du er vakker, og for å vakta vyrd­naden for deg, ver stille, ikkje snakk, ikkje avslør at du er dum, og at du ikkje er i stand til å koma med velformulerte utsegner.»

Og eg lærde leksjonen som ein flittig elev, inntil eg vart ein gjenstand i huset ditt og vart omskapt til ein av møblane i huset.

Når vi hadde gjester og ved andre høve der eg ikkje kunne nekta å delta, var eg berre som ein dekor som skulle utfylla eksistensen din. Eg tala aldri, nikka berre med hovudet og samtykte i løgnene dine, og då du tala om dei gode handlin­gane dine, lyste andletet mitt opp i ovundring.

Om eg var tvinga til å tala, oppsummerte eg ord så godt eg kunne, og eg prøvde å konsen­trera meg om korleis setningane var oppbygde; kvar er verbet, kvar er subjektet og kvar er objek­tet. Men du fortel meg etter avreisa at gjestene kviskra og kikka overraska og spørjande på kvar­andre:

«Kva seier denne kvinna?» Fleire gonger leit eg på deg og takka Gud for at eg meistra kunsten å vera stille så godt. På jobb kjendest tagnaden som ein kniv som reiv sund sjela mi, og eg lytta til kollegaene mine som meistra tale­kunsten utan feil. Heilt til analfabeten som kvar veke gjer reint i huset vårt, overraska meg med krav om å få tala, og eg ynskte å byta plass med henne, og at eg kunne gje henne universitetsutdanninga mi mot hennar krav om å tala. Eg veit at du kjem til å hoppa opp av stolen din og verta rasande, og at du kjem til å skrika til meg:

«Kven oppmuntra deg til å fullføra uni­versitetsutdanninga di?»

Men ingen, utan eg, veit at målet ditt var den auka inntekta mi etter full­førd utdanning. Løna mi brukte eg på heimen utan å ta omsyn til det eg trong som kvinne. Og såg du meg med ei bok i handa, vart du rasande og galen. Då eg sa at eg ynskte å skriva, skreik du til meg:

«Skal du no gje deg ut på den tapte vegen?»

I 25 år handla livet vårt om dine ynske og ditt temperament. Eg pla venta på at du skulle for­lata huset slik at eg kunne høyra på den musik­ken som eg likar – etter at han vart forboden heime berre fordi han ikkje passa deg. Eg dansa til romantisk musikk. Eg sat meg på ei sky som bar meg langt unna det vesle helvetet her. Eg rørde meg rundt i huset som ein sommar­fugl om våren. Eg pusta djupt inn og naut den korte forfriskande brisen av fridom som rørde ved sjela mi. Og når du brått kom heim før avtala tid, og gjekk til åtak på meg fordi eg høyrde på musik­ken som du ikkje lika, braut sinnet ditt ut som ein vulkan av skitne og sårande ord, og rommet vart endra til ein stad herja av ein orkan.Eg nektar ikkje for at du er ein god lærar.

Eg trong ikkje meir enn ein leksjon for å læra det du ynskte. Eg hadde ikkje lov til å velja veninnene mine, og dei få eg hadde, var plukka gjennom deg. Då eg vart kjend med ei veninne på jobben, og ho kom heim til oss for fyrste og siste gong, var det som vanleg ikkje vanskeleg for deg å overausa meg med stygge ord og gå i detaljar om dumska­pen min, om at du freista å gjera meg til eit men­neske, men at eg vart verande eit dyr inst inne. Og eg lærer av feila mine, for det er ikkje lov for meg å velja veninner utanfor ramma di. Eg veit at du ikkje har noko å seia, og det einaste du tenkjer no er:

«Korleis lærde denne katten å visa klørne sine og kven har lært henne å tala?»

Fordi du, din dumming, du veit ikkje kva opphopa smerte tyder, og du kjende ikkje til smerta frå tårene som svir i augneloka i lange søvnlause netter. Og du veit ikkje at eg ikkje er ein ting som vert eigd med dine frårøvande, fiendslege augneblinkar.   Du vil aldri tenkja at eg fyrst og fremst er eit menneske av kjøt og blod, og kjensler. Det er fordi den forderva kulturen din seier at kjens­lene berre tilhøyrer mannen.

Å Gud! Korleis skal eg konfrontera han med lidingane i dagleglivet det siste kvarte hundreåret? Om eg helte minnet ut framfor han, så ville det drukna verda med tilskitinga hans. Eg veit kva de tenkjer. Kvifor venta eg så lenge? Min kultur er også dårleg og ròten… naturlegvis toler kvinna grovskapen til mannen; stakkars mann som arbeider og slit utanfor huset, han har ingen han kan lata frustrasjonen sin gå ut over, utanom denne slaven som vaktar æra si i huset hans. Så kan henda er det vanleg at han slår henne, så «slag frå eins kjære er søte som rosiner».

– Men også du er ein drit – OK, der lånte eg dei minst stygge orda dine – du vreid armen min så det gjorde vondt, og du brukte dei verste for­mene for utpressing; du røva borna mine frå meg, og du visste at eg røm­mer frå deg til dei. Eg fekk vita frå opplevingane til nokre av veninnene mine korleis dei vart frårøva borna sine, og at dei ikkje fann nokon tilfluktsstad. Eg har aldri i livet mitt høyrt så stygge ting som dine, og akk så van­skeleg og sjokkerande det er å venja seg til dei. Du brydde deg ikkje om mine kalde rastlause net­ter, og søvnløysa mi vedkom deg ikkje. Eg skreik og skreik frå mi djupaste fortviling, men skriket mitt vart sitjande fast i halsen, som vart like tørr som jord gløymd av regnet. Eg trudde ikkje at byrgskap kunne eksistera samstundes med kjær­leik, og at tilgjeving og tagnad er betre, inntil byrgskapen min tok til å blø og blø, heilt til eg gav opp vyrdnaden og menneskeverdet mitt. Og eg knuste sjela mi, alt for å verna heimen min og borna mine.

Eg tok imot krigane dine med aksept og stille som statuen av sfinksen, inntil stilla var lei av meg. Så eg sa til meg sjølv: «Lat meg prøva å bryta stilla.» Og eg sa så vidt nokre ord, då huset endra seg til ruinar, som om det hadde vorte råka av ein storm, og eg oppfatta at det ikkje fanst nokon annan tilfluktsstad enn stilla. Men ikkje eingong stilla mi vedkjem deg!

Kreativiteten din var så fantastisk at eg ikkje ein­gong har sett noko liknande på film. Fyrste gongen var då vi sat på balkongen og drakk kaffi, og du spurde meg om eit glas vatn. Eg kom med det, men fann ikkje kaffikoppen min! Eg spurde deg om han og tenkte at dette var ein vits frå di side. Du var streng og alvorleg: Kan­skje du tok han med deg! Nei, kvifor skulle eg gjera det? Vi leita etter kaffikoppen, og han var i rommet mellom balkon­gen og kjøkkenet! Og dermed byrja ei rekkje ting å skifta plass, for å overtyda meg om at eg var galen, inntil eg byrja å tru det sjølv.

Sanninga, den skal eg fortelja deg. Det stemmer at om eg ikkje var galen, så tolde eg ikkje å sjå livs­våren min tørka ut og brenna i hendene dine, og han er ikkje til å berga. Hugsar du, din drit, kor mange yrke eg utførde i huset ditt? Tenestejenta som gjorde reint huset og vaska klede. Kokka som laga til dei beste måltid for deg. Barnejenta som oppdrog borna. Og i tillegg til alt dette drog eg på jobb for å føra heim pengar… Og om natta ville du ha meg som ei hore, og om eg klaga over å vera sliten, så siterte du profeten Muhammed om kvinna som vart forbanna av englane heilt til neste morgon av di ho sa nei til sex. Dra til helvete, og lat englane og demonane forbanna deg! Eg skal kasta deg ut av livet mitt og eg skal kasta av meg dei vanæra kleda mine for å få til­bake menneskeverdet mitt.

Hanan Bakir

Hanan Bakir er palestinsk forfattar og har budd i Noreg dei siste 20 åra.

Eg tok imot krigane dine med aksept og stille som statuen av sfinksen.

– Fasaden lurer oss
– Eg skreiv dette stykket fordi eg har lært av Ibsens Et dukkehjem at ein heim slett ikkje alltid er så fin som han ser ut utanfrå, seier Hanan Bakir.

Hanan Bakir er palestinsk forfattar og har dei siste ti åra budd i Noreg.

– Fasaden lurer oss. Mange nordmenn talar om dei sterke familiebanda i Midtausten med respekt. Men bak husveggene går det føre seg ei sterk undertrykking av kvinnene som opprører meg. Eg vil avsløra det indre tilhøvet mellom familiemedlemene i mange av dei patriarkalske heimane i Midtausten.

– Og då eg arbeidde på eit norsk krisesenter, oppdaga eg at opplevinga eg skriv om her, er sams for mange kvinner frå Midtausten som bur i Noreg.

Teatermonologen er oppførd i Tunisia og i Akka, ein palestinsk by i Israel av Samia Bakri, ein kjend og populær skodespelar i Midtausten.

 

Tags: , , , , , , ,

3 Responses to “Ei arabisk Nora held tale for sin muslimske mann. – No kastar eg deg ut av livet mitt”

  1. Ingebjørg ytterdal
    19. april 2012 at 18:16 #

    «– Og då eg arbeidde på eit norsk krisesenter, oppdaga eg at opplevinga eg skriv om her, er sams for mange kvinner frå Midtausten som bur i Noreg.»
    - og da oppdaget du vel også at dette også kunne ramme kvinner generelt,for dette er makt og ukultur som er grenseløs.

  2. Huda kayed
    20. april 2012 at 19:47 #

    Dette var vakkert Hanan Bakir :) når jeg leste den fikk jeg gåsehud.Alle gamle minnene dukket opp, jeg var gift med en mann som har behandlet meg på samme måten og verre enn det også.Men dette har ikke noe med Islam å gjøre ,de er menn som har ikke noe selvtillit,de er syke mennesker som Undertrykker kvinner for å hemme dem fra utvikling.

  3. Alaa Hayder
    4. mai 2012 at 11:37 #

    Din artikkel er fantastisk. Slike artikler viser nordmenn at vi er akkurat som dem. Vi har trang for frihet og rettferdighet.

Leave a Reply